
Beliggenhet til øygruppa
Ein del av ein tur er å planlegge og glede seg. Då eg finstuderte internettkarta over den planlagte seilingsruta frå Kapp Verde til Brasil, vart eg var ein liten prikk på skjermen, forsøkte å tørka det vekk, men det viste seg å være på kartet.
Etter grundig innzooming kunne ein sjå eitt lite archipilag, ei øygruppe på på eit par hundre meters omkrets. “Saint Peter and Saint Paul Archipelago” heiter dei på engelske kart, på brasiliansk: “Säo Pedro and Säo Paulo”. Skipper Jan Kåre hadde også fått denne tanken, so me la inn eit ekstra ‘waypoint” på GPSen: 00°55′1″N 29°20′7″W
Eg hadde lest om at Brasils Marine hadde ein stasjon der, så me planla å få kontakt med dei når me gjekk forbi. Hadde dei internett-tilgang kunne me kanskje få dei til å senda ei “RELAY-melding” til omverda om at me levde og hadde det godt?! (…les meir om det seinare i innlegget…)
Då vi var omlag 10 Nm frå øya kalte vi dei opp, og fekk svar. Vi spurte om det var lov å gå i land, – og fekk til svar at vi var hjertelig velkomne, men dei måtte sjekke med leiinga i marinen i Brasil for å få klarering.
Vi stevna på, tok sikte på å gå nord for øyane og så vestanfor slik at vi kunne komme i le for øygruppa for å slippe dei kraftige dønningane austfrå.
Ei halvtime før me var framme høyrte vi på VHF ei samtale frå stasjonen, vi oppfatta noko som fekk oss til å skjøna at det var vi som var emnet: ‘noruego barco’ . ‘Cassiopeia’, ‘entrada’, osv. – vi skjønte at vi var godkjent! Jubelen sto, – i himmelen ombord då!!
Me vart kalla oppatt frå stasjonen, og fekk beskjed om å gå bak ein fiskebåt og gje dei trosse ombord, så kunne vi berre henge og dingle etter dei…
Den brasilianske fiskebåten låg der som ein sikringsbåt, i tilfelle noko skulle skje og stasjonen må evakuerast. Det var nokre hyggelege brasilianske fiskarar, og trass ikkje noko felles talespråk var stemninga god etter kort tid.
Etter litt om og men klarte eg å kasta trossa so langt at dei fekk tak i den og fekk den festa ombord. Straumen og dønningane førte oss akter, og vi låg der så fint. Dei kom og henta oss i gummibåt og førte oss mot land, og det var som eit bukkeritt gjennom dønningar og straumar imellom holmane fram til det som fungere som kai: Ein stige som hang utfor ein utstikkar. Dønningane braut imellom 2 holmar, og førte til at me vart heist opp og ned 2 meter mellom kvar dønning, det var berre å ta sats og hoppa inn i stigen når me var på topp, halda seg fast og klatre opp. Råaste opplegg eg har vært med på så langt!!!
Vi vart hjerteleg motteke av ‘Felipe’ – stasjonens sjef og veldig god i engelsk. Vi fekk sjå oss om på den vetle stasjonen og helste på alle 4 som bemanna stasjonen då. Dei var der 4 veker i gangen, og forska på mikrobiologi og mykje anna, det hadde forgreiningar heilt til kreftforskning skjønte eg..
Øygruppa er spesiell på den måten at den ikkje er eit resultat av vulkansk aktivitet, men av at jordplatene har pressa magma frå jordkjernen opp. Det er den einaste staden på jorda ein kan sjå jordmagma. Darwin var der i 1832, og hans funn beskreiv han som eit typisk eksempel på korleis livet på jorda har utvikla seg. Brasil hevdar sin suverenitet ved å ha denne forskningsstasjonen der, difor denne omstendelege prosessen med godkjenning frå den brasilianske marinen.
Bygget til forskningsstasjonen låg bokstaveleg midt i eit fuglefjell, og med dei fuglane: Dei var nesten tamme, – men me vart advart om at kom me for nær, gjekk dei etter føttene og kakka, og ; det ville følast VELDIG VONDT!
Vi fikk servert Cola, og vi fekk Felipe til å senda ei melding til bloggen via satelitt-telefon:
http://sycassiopeia.wordpress.com/2011/02/12/we-have-crossed-the-atlantic/
..ehh…ein liten skrivefeil i manuset kom med, det sto at vi ‘hadde kryssa Atlanteren’ – det skulle stå ‘nesten’ – vi hadde fortsatt 1000 km att…
Vi var på land der ein liten halvtime og måtte komme oss ut til Cassiopeia att, ho låg der so åleine og forlatt…
Turen ut att vart like dramatisk, forskjellen var at vi no måtte kaste oss uti gummibåten når den var på topp i ei dønning. Eg presterte å gli, og fekk ei lita avskraping av skinnleggen mot fortofta på gummibåten. Ein fin liten evigvarande souvenir i form av eitt arr på skinnleggen no
—
Vi kom oss ombord i Cassiopeia med ei oppleving rikare: Det er ganske få som har fått tillatelse til å koma iland der, (var vi dei første norske tru?) Sidan det var laurdag og forskarane hadde ‘fri’ så fikk me koma og forstyrra dei. Og vi har sett ‘magma’ – det jordkloden er bygd av.
“Så alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!!”
Fleire reisebrev finn du på bloggen til SY CASSIOPEIA